Måndag 05. September 2010 | admin
heim terminliste dirigent medlemar styre arkiv
Sogndal Musikklag
  Styre 2009
Om oss
Kontakt oss
Lenkjer
Framføring
  Fotoalbum
Lydeksempel

GENERALSPONSOR


SPONSOR
Om oss

Sogndal musikklag (SML) vart stifta 28. november 1928 og var eit aktivt og populært lag i bygda allereie frå skipingsdagen. Musikklaget har hatt mange dyktige dirigentar og instruktørar. I tillegg har dei valde styra arbeidd seriøst og ansvarsfullt. SML har aldri vore trua av nedlegging grunna dårleg økonomistyring, tvert om har dei alltid hatt som motto og arbeidsregel at pengane skal vera i kassa før ein brukar dei.

Ulike epokar
SML si soge er delt inn i epokar med ulike særtrekk. I tida frå 1928 til 1950 var det opplæring og instruksjon som var det viktigaste arbeidet. Kristen Olsson saman med Olav S. Olsen og Holm Andresen var dei store instruktørane i denne perioden.

Høgtidsdagar
SML var først og fremst eit lag som markerte seg på dei store høgtidsdagane. Særleg var 17. mai ein stor dag for laget. 17. mai feiringa fekk utan tvil eit ekstra løft etter at musikklaget var på plass framme i folketoget. Fredsfesten i 1945 vart eit ekstra krafttak for medlemane.
- Me spela dag og natt i fleire veker og har aldri spela så godt, fortel ein av dei aktive som opplevde desse fantastiske maidagane i 1945.

Olemann
I 1950-åra og inn i 1960-åra var det Olav O. Vatlestad (Olemann) som var den viktige dirigenten og inspiratoren. Han hadde alt ein dirigent skal ha, han var samlande, han var dyktig, han fann dei rette musikkstykka og han hadde evna til å gjera musikklaget populært både for dei aktive og mellom bygdefolket.

Flatjord
I januar 1963 gjekk laget inn i ein ny epoke. For første gong fekk SML løna dirigent. Organisten i Sogndal var også musikkleiar i kommunen og med det dirigent for Sogndal musikklag. Aksel Flatjord sette sitt preg på SML heilt fram til 1977. Trøndaren passa inn i laget som hand i hanske. Kunnskapsrik, musikalsk og ein framifrå dirigent og inspirator. Han samarbeidde godt med Olemann og fann fort ein stil som utan tvil førde SML eit stort steg vidare. Flatjord dirigerte så sveitten rann, og dei aktive gav alt dei hadde til denne dynamiske personen. Dei hadde ikkje noko val.

50-års jubileum
vart feira i 1978 med konsert og festmiddag. Den første besetninga frå 1928 vart utnemnt til æresmedlemar i laget. Det var berre Kristen Olsson og Olav O. Vatlestad som var æresmedlemar frå før. I festtalen vart det også peika på at dei årlege krinsstemnene var eit viktig mål for det musikalske arbeidet. Men, SML hadde også hatt konsert i Oslo, vore på landsstemne i Trondheim og vore hovudkorps under cupfinalen i fotball på Ullevål i 1976. Ja, laget hadde til og med vore med i eit fjernsynsprogram på NRK, ”Etter fjøstid.”

Siste epoken
Dei siste 30 åra har også hatt sine særtrekk. Laget har skifta dirigent oftare enn før, men bruk av landskjende instruktørar som Odd R. Antonsen og Helge Hurum har utan tvil heva det musikalske nivået og klangen i laget. Hurum har i tillegg komponert og arrangert mykje av musikken laget har spelt dei siste åra. SML har i dag knytt til seg Tom Karlsrud som dirigent, ein dyktig instruktør som også har teke laget eit steg vidare musikalsk.

Mange oppturar
Dei siste 15 åra har laget arbeidd med å ha ekstra musikalske høgdepunkt på programmet. SML har vore med på opninga av Sogndal kulturhus, opninga av Fjærlandsvegen og hatt med seg kjende artistar som Viggo Sandvik (Vazelina Bilopphøggers), Ole Edvard Antonsen, Arja Sajonmaa og Brazz Brothers. Dette har vore store utfordringar for laget, men også svært gledelege og lærerike musikalske opplevingar. Ikkje minst så har solistane - alle - sagt at dei har tykt det har vore utruleg moro å samarbeida med Sogndal musikklag.

Jesus Christ Superstar-konsertane i april 2001 i kulturhuset saman med kora i kommunen, unge musikarar og ikkje minst dyktige lokale solistar var også ein suksess. Publikum gav seg ikkje før det vart sett opp ein ekstrakonsert. 700 elleville sogningar gav seg ende over med brak-applaus.
- Jau, det var skikkeleg moro for oss på scena også! Vi merka det svinga i kulturhuset, sa ein av deltakarane etterpå.

Pensjonistane
er æresgjester ved det årlege pensjonisttreffet som Sogndal musikklag i samarbeid med Sognekraft og Lerum Konserves skipar til i kulturhuset. Eit par hundre pensjonistar møter fram år etter år. Pensjonisttreffet startar med konsert i storesalen, før det vert kaffi, kaker og meir underhaldning i kafeen.

Sponsorar
Lerum Konserves as har vore generalsponsor for laget gjennom ei årrekkje. Laget har difor gjennom åra stilt opp ved merkjedagane til verksemda. I tillegg har SML hatt avtalar med Forbrukarsamvirket Sogn, Sparebanken Vest, Holen Installasjon as og K-Senteret Supermarked. I dag er Meny Sogndal ein trufast sponsor for laget.

Rekruttering
Samarbeid med dei andre korpsa i kommunen og regionen er viktig for SML. Det er viktig at dei unge musikantane ikkje sluttar å spela i 15-16 årsalderen, men i tillegg til eige korps søkjer utfordringar i til dømes Sogndal musikklag. Vidare er det viktig ved store høve å hjelpa kvarandre over kommunegrensene. Vi veit det sit mange flinke musikantar rundt om i kommunen, tidlegare medlemar og tilflytta korpsmusikantar. Dei treng kanskje berre eit lite spark i baken for å komma ut av godstolen og ta turen til kulturhuset og øving med musikklaget på måndagskvelden. SML ynskjer nye og tidlegare medlemar velkomne i sine rekkjer. Heile Sogndal treng eit aktivt og godt musikkmiljø.

Neste på terminlista
Sjå heile terminlista

Aktuelle saker
BJØRN GISLE SETER
Bjørn Gisle Seter gjestar korpset som dirigent fram til neste konsert.
ATTVAL I SML
Hans Mark Svedal og resten av styret tok attval under årsmøtet 2. februar
Terminlista
er for tida ikkje oppdatert
NYTTÅRSKONSERT
Øvingar og konsert i Stedje kyrkje denne helga
Les fleire saker